Som med alt anna, er også SVK sitt årsmøte utsett på ubestemt tid. Meir informasjon kjem seinare når ein ser utviklinga i tida framover. Vi håpar det ikkje er lenge til vi kan samlast att.
Sunnfjord Veteranvogn Klubb kallar med dette inn til årsmøte fredag 27. mars 2020 kl. 19.00, i klubblokalet på Langhaugane.
Sakliste:
• Opning v/formann
• Godkjenning av innkalling
• Val av møteleiar, protokollførar og to til å signere protokollen
• Styret si årsmelding
• Rekneskapen for 2019
• Budsjett for driftsåret 2020
• Val
• Ymse
22. juni arrangerer vi Firdaløpet for 41. gong. I år går ruta frå Førde til Angedalen, retur til Førde og vidare til Jølster og mål ved det nye klubblokalet i Langhaugane.
Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her! Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 9. juni.
Det blir lagt ut meir informasjon om løpet her på nettsida og på facebook etterkvart.
Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.
LAURDAG 11. MAI KL 11.00-17.00 blir det open dag hos Steinvik Fiskefarm for 9. året på rad!
Medlemer i Sunnfjord Veteranvogn Klubb er spesielt invitert til å ta turen med sine køyretøy i år også.
OM, SJÅ OG OPPLEV: Aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak. Fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (vi held fskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar, båt-turar, mykje meir. Dåp av ny arbeidsbåt vert det også i år – denne gong 24 m. lang. Det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting dukkar heilt sikkert opp også!
Det er rikeleg sitteplassar inne og ute. I tilfelle dårleg ver er det telt ute, og varmelamper inne i hallen.
I samband med opprusting av dei nye klubblokala i Langhaugane, har vi sett opp følgjande faste tider for dugnadar utover hausten:
Kvar onsdag frå kl. 17 og annankvar laurdag frå kl. 10.
(Laurdagsdugnadane blir 8. og 22.9, 6. og 20.10, og 3.11.)
Om nokon har høve eller ynskjer å ta eit tak på andre dagar enn dei planlagde er det sjølvsagt ikkje noko problem. Ta då kontakt med Jan Egil Haugland, telefon 951 54 338.
9. juni arrangerer vi Firdaløpet for 40. gong. I år går ruta til klubben sin opphavsstad, frå Førde til Naustdal og Instedalen.
Oppdatert:
Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her! Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 27. mai.
Oppstilling på Biltema frå kl. 09.00. Start blir frå kl. 11.00. Første post blir i Naustdal ved Best stasjonen. Løpet går vidare til Instedalen der ein finn post 2, og vidare til post 3 på Kalland, der blir det også matservering. Post 4 blir ved Horstad skule, og deretter køyrer ein til mål i Naustdal sentrum.
Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering av løpskomiteen. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.
LAURDAG 12. MAI KL 11.00-17.00 blir det open dag hos Steinvik Fiskefarm for 8. året på rad!
Medlemer i Sunnfjord Veteranvogn Klubb er spesielt invitert til å ta turen med sine køyretøy i år også.
På open dag er det aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak: Veteranbilar, fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (utlån av fiskeutstyr, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors-stand, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige rognkjeksa med, og det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting dukkar heilt sikkert opp også! Det er rikeleg sitteplassar inne og ute. I tilfelle dårleg ver er det telt ute, og varmelamper inne i hallen.
17. mai feiring 2020 – bli med på bilkortesje
Årsmøte utsett på ubestemt tid
Som med alt anna, er også SVK sitt årsmøte utsett på ubestemt tid. Meir informasjon kjem seinare når ein ser utviklinga i tida framover. Vi håpar det ikkje er lenge til vi kan samlast att.
Sunnfjord Veteranvogn Klubb kallar med dette inn til årsmøte fredag 27. mars 2020 kl. 19.00, i klubblokalet på Langhaugane.Sakliste:
• Opning v/formann
• Godkjenning av innkalling
• Val av møteleiar, protokollførar og to til å signere protokollen
• Styret si årsmelding
• Rekneskapen for 2019
• Budsjett for driftsåret 2020
• Val
• Ymse
Firdaløpet 2019 – meld deg på
22. juni arrangerer vi Firdaløpet for 41. gong. I år går ruta frå Førde til Angedalen, retur til Førde og vidare til Jølster og mål ved det nye klubblokalet i Langhaugane.
Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her! Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 9. juni.
Det blir lagt ut meir informasjon om løpet her på nettsida og på facebook etterkvart.
Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.
Invitasjon til Open dag på Steinvik Fiskefarm Visningssenter 11. mai
LAURDAG 11. MAI KL 11.00-17.00 blir det open dag hos Steinvik Fiskefarm for 9. året på rad!
Medlemer i Sunnfjord Veteranvogn Klubb er spesielt invitert til å ta turen med sine køyretøy i år også.
Det er rikeleg sitteplassar inne og ute. I tilfelle dårleg ver er det telt ute, og varmelamper inne i hallen.
Gratis inngang for alle.
ÅRSMØTE LAURDAG 23. MARS 2019
Årsmøtet til Sunnfjord Veteranvogn Klubb blir laurdag 23. mars 2019, på dagen 40 år etter skipinga av klubben.
Møtet blir halde i nyedelen på kyrkjelydshuset i Naustdal, i same bygget som Helgekroa låg der klubben vart skipa i 1979.
Det blir slepp av Grindaguten kl. 12.00 og årsmøte frå kl. 14.00.
Sakliste til årsmøtet:
Merk tid og stad. Velkommen!
Dugnadar i Langhaugane hausten 2018
I samband med opprusting av dei nye klubblokala i Langhaugane, har vi sett opp følgjande faste tider for dugnadar utover hausten:
Kvar onsdag frå kl. 17 og annankvar laurdag frå kl. 10.
(Laurdagsdugnadane blir 8. og 22.9, 6. og 20.10, og 3.11.)
Om nokon har høve eller ynskjer å ta eit tak på andre dagar enn dei planlagde er det sjølvsagt ikkje noko problem. Ta då kontakt med Jan Egil Haugland, telefon 951 54 338.
Dugnad er kjekt og godt sosialt samvær! Vel møtt!
FIRDALØPET 9. JUNI 2018
9. juni arrangerer vi Firdaløpet for 40. gong. I år går ruta til klubben sin opphavsstad, frå Førde til Naustdal og Instedalen.
Oppdatert:
Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her! Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 27. mai.
Oppstilling på Biltema frå kl. 09.00. Start blir frå kl. 11.00. Første post blir i Naustdal ved Best stasjonen. Løpet går vidare til Instedalen der ein finn post 2, og vidare til post 3 på Kalland, der blir det også matservering. Post 4 blir ved Horstad skule, og deretter køyrer ein til mål i Naustdal sentrum.
Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering av løpskomiteen. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.
Invitasjon til Open dag på Steinvik Fiskefarm Visningssenter 12. mai
LAURDAG 12. MAI KL 11.00-17.00 blir det open dag hos Steinvik Fiskefarm for 8. året på rad!
Medlemer i Sunnfjord Veteranvogn Klubb er spesielt invitert til å ta turen med sine køyretøy i år også.
Gratis inngang for alle.
Årsmøte Sunnfjord Veteranvogn Klubb
Årsmøtet til Sunnfjord Veteranvogn Klubb blir torsdag 22. mars 2018, kl. 19.00.
Møtet finn stad i lokala til Bilbransjens Opplæringskontor, Flovegen 2 på Øyrane.
Saker til årsmøtet må vere styret i hende seinast 1. mars.