LAURDAG 12. MAI KL 11.00-17.00 blir det open dag hos Steinvik Fiskefarm for 8. året på rad!
Medlemer i Sunnfjord Veteranvogn Klubb er spesielt invitert til å ta turen med sine køyretøy i år også.
På open dag er det aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak: Veteranbilar, fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (utlån av fiskeutstyr, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors-stand, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige rognkjeksa med, og det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting dukkar heilt sikkert opp også! Det er rikeleg sitteplassar inne og ute. I tilfelle dårleg ver er det telt ute, og varmelamper inne i hallen.
Nytt frå LMK om forsikringar, trafikkforsikring (tidl. årsavgift) m.m.:
Overflyttingen av LMK-porteføljen fra WaterCircles til IF skjer i et raskt tempo. Mange har forstått viktigheten av at bare med en LMK-Forsikring har man LMK, med sin kompetanse og nettverk, i ryggen ved en komplisert skadesituasjon. Vi har forsøkt å kommunisere at alle de forsikringstakerne som fremdeles sitter igjen hos WaterCircles Norge, ikke har en aktiv LMK-forsikring etter 01.01.2018. Denne får du kun gjennom IF, LMKs nye samarbeidspartner.
Velkommen til ny nettside for Sunnfjord Veteranvogn Klubb.
Sida er heilt nyutvikla og det kan framleis vere småting som ikkje er heilt slik det skal vere, men det blir justert etterkvart. Vi jobbar også med ei løysing for å publisere biletarkivet til klubben. Biletmenyane og smakebitar frå arkivet ligg klare her på sida, og vil bli oppdatert med lenker vidare til arkivet når denne løysinga er klar. Den gamle nettsida på smieposten.net vil framleis ligge ute ei stund så ein kan finne bilete og eldre saker der. Oppdagar du tekniske feil eller anna som ikkje er slik det skal vere så er det fint om du gir beskjed til nettsideansvarleg Knut Øyvind Åsen (sjå under kontakt). Vi håpar denne nye sida fell i smak!
Klubben tilbyr no vinterlagring i dei nye lokala på Vassenden. Vi ønskjer å fylle lokalet med køyretøy for vinterlagring, og har omlag 30 ledige plassar for bilar og MC. Vil du få bilen din under tak, kontakt smieformann Bjarte Nordnes på tlf. 918 53 361.
Styret har som kjent jobba med nye klubblokale for klubben i lengre tid. På ekstraordinært årsmøte 12.10.17 vart det vedtatt å kjøpe «Møbelbutikken» i Langhaugane på Vassenden. 1. november overtok vi bygget og medlemene vart invitert til visning i det nye klubblokalet laurdag 4. november. Bygget har eit stort potensiale, men det må påreknast ein del dugnadstimar før vi får bygget slik som ønskjeleg. Her inviterer vi medlemene til å stille opp og være med å utforme klubblokalet, så vert det bra til slutt.
Invitasjon til Open dag på Steinvik Fiskefarm Visningssenter 12. mai
LAURDAG 12. MAI KL 11.00-17.00 blir det open dag hos Steinvik Fiskefarm for 8. året på rad!
Medlemer i Sunnfjord Veteranvogn Klubb er spesielt invitert til å ta turen med sine køyretøy i år også.
Gratis inngang for alle.
Årsmøte Sunnfjord Veteranvogn Klubb
Årsmøtet til Sunnfjord Veteranvogn Klubb blir torsdag 22. mars 2018, kl. 19.00.
Møtet finn stad i lokala til Bilbransjens Opplæringskontor, Flovegen 2 på Øyrane.
Saker til årsmøtet må vere styret i hende seinast 1. mars.
Invitasjon til VossaRudl’n 26. mai 2018
Køyretøy Historisk Klubb Voss inviterer til VossaRudl’n 26. mai 2018!
Påmeldinga er i gang, og påmeldingsfristen er 1. april.
Informasjon om påmelding, overnatting, og all annan praktisk informasjon, finn du på nettsidene til Køyretøy Historisk Klubb Voss – klikk her.
Nytt frå LMK
Nytt frå LMK om forsikringar, trafikkforsikring (tidl. årsavgift) m.m.:
Overflyttingen av LMK-porteføljen fra WaterCircles til IF skjer i et raskt tempo. Mange har forstått viktigheten av at bare med en LMK-Forsikring har man LMK, med sin kompetanse og nettverk, i ryggen ved en komplisert skadesituasjon. Vi har forsøkt å kommunisere at alle de forsikringstakerne som fremdeles sitter igjen hos WaterCircles Norge, ikke har en aktiv LMK-forsikring etter 01.01.2018. Denne får du kun gjennom IF, LMKs nye samarbeidspartner.
Les meir ved å trykke her.
–
Ny nettside
Velkommen til ny nettside for Sunnfjord Veteranvogn Klubb.
Sida er heilt nyutvikla og det kan framleis vere småting som ikkje er heilt slik det skal vere, men det blir justert etterkvart. Vi jobbar også med ei løysing for å publisere biletarkivet til klubben. Biletmenyane og smakebitar frå arkivet ligg klare her på sida, og vil bli oppdatert med lenker vidare til arkivet når denne løysinga er klar. Den gamle nettsida på smieposten.net vil framleis ligge ute ei stund så ein kan finne bilete og eldre saker der. Oppdagar du tekniske feil eller anna som ikkje er slik det skal vere så er det fint om du gir beskjed til nettsideansvarleg Knut Øyvind Åsen (sjå under kontakt). Vi håpar denne nye sida fell i smak!
Vinterlagring
Klubben tilbyr no vinterlagring i dei nye lokala på Vassenden. Vi ønskjer å fylle lokalet med køyretøy for vinterlagring, og har omlag 30 ledige plassar for bilar og MC. Vil du få bilen din under tak, kontakt smieformann Bjarte Nordnes på tlf. 918 53 361.
Nytt klubblokale på Vassenden