Snart 40 år med kulturhistorie på hjul

Sunnfjord Veteranvogn Klubb vart skipa 23. mars 1979, med formål å ta vare på historiske køyretøy og miljøet rundt desse. Dei første åra hadde klubben lokale på Steinen i Førde, i den gamle sementvarefabrikken. Der var det både verkstad for restaurering av køyretøy og møterom. Klubben hadde tilhald her til godt ut på 80-talet, men etterkvart vaks klubben ut av lokala og begynte å planlegge eige bygg på ein annan eigna stad. I 1990 stod dei nye lokala på Reset i Førde klare. Lokala vart bygde på dugnad, og består av både verkstad og garasjeanlegg, i tillegg til lagerbrakker. Dette har vore klubben sitt hovudanlegg fram til i dag, men behovet for større og fleire lokale har vore påtrengande ei stund, og hausten 2017 vart det investert i nye lokale på Vassenden i Jølster, som skal fungere som både ein sosial møtearena, lagringslokale for køyretøy og verkstad for lettare arbeid.

I skipingsåret 1979 vart Firdaløpet arrangert for første gang, og har blitt arrangert kvart år sidan. Dette er klubben sitt hovudarrangement, og har vakse til å bli det største løpet for veterankøyretøy i fylket med om lag 100 startande køyretøy kvart år. Klubben arrangerer også fellesturar og andre sosiale arrangement, også i samarbeid med andre klubbar.

I inngangen til 2018 har klubben om lag 220 medlemer, og ser ei aukande interesse for å ta vare på gamle køyretøy og køyretøyhistoria vår. Alderskriteriet for veteran er 30 år, og difor er det no mange «nyare» bruksveteranar som er komne til, og omgrepet veteranbil femnar ikkje lenger om berre det mange forbinder med den klassiske veteranbilen. Mangfaldet innan køyretøy er no mykje breiare, og appelerar også meir til dei yngre medlemene, som er viktig for rekrutteringa for at klubben skal leve vidare i framtida. Vi ønskjer velkommen alle typar veterankøyretøy, uavhengig av type og merke.

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv