Oppdatert: Firdaløp laurdag 12. september

Oppdatert med rutebeskrivelse.

Då vert det Firdaløp i år også. Laurdag 12. september arrangerer vi eit litt annleis løp.

Start går frå klubblokalet i Langhaugane på Vassenden. Her møter deltakarane opp mellom kl 10 og 11:30 og får utlevert startmappe og startar løpet fortløpande. Dette for at det ikkje skal bli så stor ansamling av folk på same stad. Årets løp går rundt Jølstravatnet og ned til Førde sentrum med målgang på Biltema. Første post blir på Svidalsneset. Deretter køyrer vi til Skei der ein finn post 2 ved Felleskjøpet etter ein har svinga inn på Rv5 i rundkøyringa. Deretter køyrer vi til Kjøsnes og tek til høgre der inn på sørsida, og køyrer mot Førde. Post 3 blir truleg på industriområdet på Moskog, og post 4 på Øyrane i Førde (denne posten kan endrast, blir opplyst om på løpsdagen). Siste post og målgang blir ved Biltema. Postane er lagt opp slik at ein slepp å gå ut av bilen.

Trykk her og fyll ut skjema for påmelding. Pga koronasituasjonen må ALLE bruke dette skjemaet for påmelding, og betaling av startkontingenten må gjerast på førehand.

Påmelding seinast 7. september. Startkontingent er kr 300,-, og kan betalast til bankkonto 3760.10.18269 eller vipps til 107593. Hugs å merke betalinga med same namn som i påmeldinga. Påmeldinga er ikkje gjeldande før betaling er registrert.

Skroll til toppen