Grindaguten

Det blir sjølvsagt Grindaguten i år også. Bladet kjem etter planen ut rundt påsketider, litt seinare enn vanleg. 2020 vart eit spesielt år for alle. Dei aller fleste arrangement vart avlyste, men likevel fekk klubben gjennomføre eit smitteverntilpassa Firdaløp, og var med på å markere 17. mai. Dette får vi sjølvsagt sjå i Grindaguten. Men vi treng meir stoff, så vi håpar at du har noko å bidra med. Tekst og bilete frå turar med veteranbilen eller -motorsykkelen, garasjeprosjekt, gamle bilete, eller anna relevant stoff du kan bidra med. Frist for innsending av stoff er 15. februar, og sendast til redaktøren på epost knut_aasen@hotmail.com, eventuelt ring 95198515. Gi gjerne beskjed så snart som råd dersom du har noko så veit vi kva som kjem. Hugs også å sjå igjennom oppføringane i matrikkelen om noko skal rettast på, dersom du har selt eller kjøpt køyretøy, eller har andre endringar. Send endringar til matrikkel til Bjarne Øyra, du finn kontaktinfo på matrikkelsidene i Grindaguten.

Vi set stor pris på alle bidrag.

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv