Grindaguten er medlemsbladet til SVK og presenterer klubb- og medlemsaktivitetane gjennom året, reportasjar, klubbinformasjon, matrikkel over medlemer og køyretøy, og anna stoff. Det kjem ut èin gang i året, i første kvartal før årsmøtet og sesongstart, og vert sendt ut til alle medlemer, samt nokre andre klubbar og bibliotek. Vi vil gjerne ha inn stoff til bladet fortløpande. Det kan t.d. vere korte eller lange artiklar om eit køyretøy, ein tur eller arrangement du har vore på. Eller berre eit bilete med ein kort tekst vi kan sette på trykk. Alt stoff kan sendast til epostadressa under.

Redaktøransvar for Grindaguten har styret i felleskap.
E-post: smieposten.svk@gmail.com

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv