Sandane Grand Prix søndag 14. august

Tradisjonen tru blir det Sandane Grand Prix under Sandanedagane også i år. Arrangør Fjæra Bluesklubb inviterer og håpar på godt oppmøte. Trykk på bildet under for meir informajon.

Oppdatert – Firdaløpet laurdag 20. august 2022

Laurdag er det Firdaløp!

Oppmøte ved Biltema i Førde frå ca kl. 10.00, og starten går kl. 11.00. Ruta er Førde – Stardalen. Første stopp blir post 1 på Moskog, deretter køyrer ein til post 2 i Langhaugane før ein køyrer vidare til post 3 på Svidalsneset. Ein held fram på E39 til Skei der ein tek ein ørliten avstikkar inn på Rv5 til post 4 i området Felleskjøpet/Firda Billag. Deretter er det tilbake til E39 og vidare til Klakegg, og siste post blir å finne ein stad i Stardalen, før det er målgang på Stardalen Sommarkafè. Sommarkafeen er sjølvsagt open og ein får kjøpt seg både mat og drikke.

Som alltid er det også premieringar for beste kostymer og heilhetsinntrykk og vi oppmodar til å stille i tidsriktig antrekk.

Ikkje nøl med å melde deg på! Trykk her og fyll ut skjema for påmelding.

Du kan òg melde deg på ved start, men av praktiske årsaker er det ønskjeleg med mest mogeleg førehandspåmeldingar. Påmeldingar fram til 16. august kjem med i løpsheftet.

Startkontingent er kr 300,-, og kan betalast til bankkonto 3760.10.18269 eller vipps til 107593, Hugs å merke betalinga med same namn som i påmeldinga. Du kan også betale ved start (Vipps eller kontant, vi har dessverre ikkje kortterminal tilgjengeleg).

Grindaguten slepp laurdag 9. april

Laurdag 9. april slepp vi årets Grindaguten laus. Frå kl. 11.00 blir det folk i klubblokalet i Langhaugane der vi pakkar bladet for utsending. Kom gjerne innom og ta ein prat og ein kopp kaffi og få med deg ditt eksemplar. For kvart blad som blir henta sparar vi både lang postgang og porto. Velkommen frå kl. 11.00.

Årsmøte onsdag 20. april kl. 19.00

Det blir med dette kalla inn til årsmøte onsdag 20. april kl. 19.00 i klubblokala i Langhaugane. Vi serverar kaffi og litt å bite i.

Sakliste:

• Opning v/formann

• Godkjenning av innkalling

• Val av møteleiar, protokollførar og to til å signere protokollen

• Styret si årsmelding

• Rekneskapen for 2021

• Budsjett for driftsåret 2022

• Val

• Innkomne saker

 

Medlemskveld med historia til Gammelsaabens Venner

ONSDAG 16. MARS 2022 KLOKKA 18:30

 

På medlemskvelden komande onsdag 16. mars, får vi besøk av Olav Faleide frå Gammelsaabens Venner. Han vil fortelje historia til klubben, frå den vart starta i 1977 og fram til i dag, med utfordringar, opp- og nedturar.
Grunna avgrensing på kor mange det er plass til i lokalet, ynskjer vi påmelding til arrangementet. Send sms eller kontakt Jan Egil Haugland på 95154338. Førstemann til mølla prinsippet. Det er 45 plassar.
Vi åpnar dørene klokka 18.30. Det vert sal av kaffi, noko å bite i og brus.

Medlemskveldar vinteren 2021/22

Det blir medlemskveldar med sosialt samvær og prat og mykje godt lesestoff på følgjande onsdagar i vinter: 8. desember, 29. desember, 19. januar, 16. februar, 16. mars, 13. april. Alle kveldar frå kl. 18.30.
Vel møtt.
Styret.

Årsmøte 20. oktober

Sunnfjord Veteranvogn Klubb kallar med dette inn til årsmøte onsdag 20. oktober 2021 kl. 19.00, i klubblokalet i Langhaugane.

 

Firdaløpet laurdag 11. september – oppdatert

Det blir Firdaløp i år også. Som i fjor eit litt annleis løp, men det skal bli bra uansett!

Ruta i år blir Førde – Sande – Viksdalen – Moskog – Langhaugane. Starten går frå Biltema, og det blir fortløpande start etterkvart som deltakarane kjem til startområdet mellom kl. 10 og 11.30. Det blir postar undervegs, og som alltid premieringar for beste kostymer og heilhetsinntrykk. Mål blir ved klubblokala i Langhaugane, der blir det også sal av kaffi, pølser m.m.

Meld deg gjerne på på førehand, og påmeldingar innan 9. september kjem med i løpsheftet. Trykk her og fyll ut skjema for påmelding.

Du kan òg melde deg på ved start.

Startkontingent er kr 300,-, og kan betalast til bankkonto 3760.10.18269 eller vipps til 107593, Hugs å merke betalinga med same namn som i påmeldinga. Du kan også betale ved start (Vipps eller kontant, vi har dessverre ikkje kortterminal tilgjengeleg).

Sjekk innom her eller på vår facebookside for oppdateringar.

17. mai kortesje i Førde og omeign – oppdatert med køyrerute

Det blir 17. mai kortesje i Førde også i år, denne gangen berre med veterankøyretøy. Start frå Utstillingsplassen kl. 13.30. Oppmøte seinast 15 min før. Håpar alle tar fram køyretøya sine slik det blir størst mogeleg oppslutnad rundt dette. Køyreruta blir slik:

Utstillingsplassen – Angedalsvegen – Langebruvegen/Langebrua – Fjellvegen – Naustalsvegen/Storehagen bru – Storehagen – Langebruvegen til Helsetunet – Gang sykkelveg ved Helsetunet – Kyrkjevegen – Angedalsvegen – Fossabrua – Vievegen – sving inn ved sjukehuset – Vievegen – tilbake over Fossebrua – Angedalsvegen mot sentrum – Storehagen – ved lyskrysset Storehagen/Naustdalsvegen vert kortesjen oppløyst.
© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv