Reset i Førde

Hovudbygget kallast Smia og inneheld verkstad der medlemene kan leige plass for å restaurere bilar eller motorsyklar. Kapasiteten varierer med type køyretøy, men rundt rekna kan t.d. tre bilar og to motorsyklar vere under arbeid samstundes. Her er det også diverse utstyr og verktøy til disposisjon. Garasjebygget har kapasitet til om lag 5 bilar, pluss deler og anna. Det er også ei biltralle plassert på Reset som kan leigast av medlemene. For å forhøyre deg om plass på Reset, ta kontakt med Smieformannen (sjå under kontakt).

Langhaugane på Vassenden i Jølster

Lokala vart kjøpt hausten 2017 etter vedtak på eit ekstraordinært årsmøte, og er tenkt til lagringslokale, lett verkstadarbeid, møtelokale og sosiale samlingar. Dugnadsarbeid med å tilpasse bygget vil bli gjort utover i 2018.

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv