Firdaløpet 2019 – meld deg på

22. juni arrangerer vi Firdaløpet for 41. gong. I år går ruta frå Førde til Angedalen, retur til Førde og vidare til Jølster og mål ved det nye klubblokalet i Langhaugane.

Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her!  Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 9. juni.

Det blir lagt ut meir informasjon om løpet her på nettsida og på facebook etterkvart.

Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.

Skroll til toppen