9. juni arrangerer vi Firdaløpet for 40. gong. I år går ruta til klubben sin opphavsstad, frå Førde til Naustdal og Instedalen.
Oppdatert:
Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her! Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 27. mai.
Oppstilling på Biltema frå kl. 09.00. Start blir frå kl. 11.00. Første post blir i Naustdal ved Best stasjonen. Løpet går vidare til Instedalen der ein finn post 2, og vidare til post 3 på Kalland, der blir det også matservering. Post 4 blir ved Horstad skule, og deretter køyrer ein til mål i Naustdal sentrum.
Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering av løpskomiteen. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.