Årsmøtet til Sunnfjord Veteranvogn Klubb blir laurdag 23. mars 2019, på dagen 40 år etter skipinga av klubben.
Møtet blir halde i nyedelen på kyrkjelydshuset i Naustdal, i same bygget som Helgekroa låg der klubben vart skipa i 1979.
Det blir slepp av Grindaguten kl. 12.00 og årsmøte frå kl. 14.00.
Sakliste til årsmøtet:
- opning av møtet og godkjenning av innkalling
- val av møteleiar, protokollførar og to til å signere protokollen
- styret si årsmelding, rekneskapen for 2018 og budsjett for 2019
- val
- vedtektsendring
- klubben sine brannbilar – vegen vidare, ev. sal
- ordet fritt
Merk tid og stad. Velkommen!