Ny nettside

Velkommen til ny nettside for Sunnfjord Veteranvogn Klubb.

Sida er heilt nyutvikla og det kan framleis vere småting som ikkje er heilt slik det skal vere, men det blir justert etterkvart. Vi jobbar også med ei løysing for å publisere biletarkivet til klubben. Biletmenyane og smakebitar frå arkivet ligg klare her på sida, og vil bli oppdatert med lenker vidare til arkivet når denne løysinga er klar. Den gamle nettsida på smieposten.net vil framleis ligge ute ei stund så ein kan finne bilete og eldre saker der. Oppdagar du tekniske feil eller anna som ikkje er slik det skal vere så er det fint om du gir beskjed til nettsideansvarleg Knut Øyvind Åsen (sjå under kontakt). Vi håpar denne nye sida fell i smak!

 

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv