Nytt frå LMK

 

Nytt frå LMK om forsikringar, trafikkforsikring (tidl. årsavgift) m.m.:

Overflyttingen av LMK-porteføljen fra WaterCircles til IF skjer i et raskt tempo. Mange har forstått viktigheten av at bare med en LMK-Forsikring har man LMK, med sin kompetanse og nettverk, i ryggen ved en komplisert skadesituasjon. Vi har forsøkt å kommunisere at alle de forsikringstakerne som fremdeles sitter igjen hos WaterCircles Norge, ikke har en aktiv LMK-forsikring etter 01.01.2018. Denne får du kun gjennom IF, LMKs nye samarbeidspartner.

Les meir ved å  trykke her.

Ny nettside

Velkommen til ny nettside for Sunnfjord Veteranvogn Klubb.

Sida er heilt nyutvikla og det kan framleis vere småting som ikkje er heilt slik det skal vere, men det blir justert etterkvart. Vi jobbar også med ei løysing for å publisere biletarkivet til klubben. Biletmenyane og smakebitar frå arkivet ligg klare her på sida, og vil bli oppdatert med lenker vidare til arkivet når denne løysinga er klar. Den gamle nettsida på smieposten.net vil framleis ligge ute ei stund så ein kan finne bilete og eldre saker der. Oppdagar du tekniske feil eller anna som ikkje er slik det skal vere så er det fint om du gir beskjed til nettsideansvarleg Knut Øyvind Åsen (sjå under kontakt). Vi håpar denne nye sida fell i smak!

 

Vinterlagring

Klubben tilbyr no vinterlagring i dei nye lokala på Vassenden. Vi ønskjer å fylle lokalet med køyretøy for vinterlagring, og har omlag 30 ledige plassar for bilar og MC. Vil du få bilen din under tak, kontakt smieformann Bjarte Nordnes på tlf. 918 53 361.

Nytt klubblokale på Vassenden

Styret har som kjent jobba med nye klubblokale for klubben i lengre tid. På ekstraordinært årsmøte 12.10.17 vart det vedtatt å kjøpe «Møbelbutikken» i Langhaugane på Vassenden. 1. november overtok vi bygget og medlemene vart invitert til visning i det nye klubblokalet laurdag 4. november. Bygget har eit stort potensiale, men det må påreknast ein del dugnadstimar før vi får bygget slik som ønskjeleg. Her inviterer vi medlemene til å stille opp og være med å utforme klubblokalet, så vert det bra til slutt.

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv