Firdaløpet laurdag 26. august 2023 – oppdatert med vinnarar, fasit og resultatliste

Fullstendig resultatliste for Firdaløpet 2023 finn du her: Resultatliste Firdaløpet 2023 (pdf)

Fasit på spørsmålsark post 4, 5 og 6 finn du her: fasit oppgåver (pdf)

 

Løpsvinnar Ørjan Tonheim

med sin 1967 VW Beach Buggy

 

 

 

 

Beste antrekk herre vart vunne av

Nils Olav Kongsvik med sin

1930 Harley Davidson.

 

 

 

I kategorien Beste antrekk dame var det Kirsten Solås som vann. Beste antrekk barn vart Maria og Matheo Solås Sellevold. Alle saman i bil nr 13, 1964 Volvo Amazon.

 

 

 

Beste heilhetsinntrykk vart vunne av familien Åsen i 1964 Ford Cortina.

 

 

 

 

 

 

Sunnfjord Veteranvogn Klubb vil takke alle som deltok i løpet, Alex Vassbotten & Co i Steinvik, Steinhovden Grendalag, og alle andre medhjelparar som gjorde dette til godt gjennomført løp og ein flott dag for alle. Velkommen til nytt Firdaløp i 2024.

 

 


Firdaløpet 2023 går av stabelen laurdag 26. august. Starten går ved Biltema i Førde frå kl 10.30, og ruta går via Naustdal og Vevring til motormuseet i Høydal der det er 2 postar. Vidare puljevis til Steinvik der det vil vere fleire postar, før det er målgang ved Steinhovden grendahus. Her vil det vere mogelegheit til å kjøpe seg middag, kaker og kaffi, og det vil vere åresal og premieutdeling. Full løype og meir informasjon finn du i løpsheftet som blir utdelt ved start. Meld deg på ved å trykke her og fylle ut påmeldingsskjemaet.  Du kan òg melde deg på ved start, men av praktiske årsaker er det ønskjeleg med mest mogeleg førehandspåmeldingar. Oppmøte frå kl. 09.30 på Biltema.

Som vanleg oppmodar vi deltakarane til å stille i tidsriktige antrekk. I tillegg til løpspremiar blir det òg premiering for antrekk og heilhetsinntrykk.

 

 

Skroll til toppen