ÅRSMØTE LAURDAG 23. MARS 2019

Årsmøtet til Sunnfjord Veteranvogn Klubb blir laurdag 23. mars 2019, på dagen 40 år etter skipinga av klubben.

Møtet blir halde i nyedelen på kyrkjelydshuset i Naustdal, i same bygget som Helgekroa låg der klubben vart skipa i 1979.

Det blir slepp av Grindaguten kl. 12.00 og årsmøte frå kl. 14.00.

Sakliste til årsmøtet:

  • opning av møtet og godkjenning av innkalling
  • val av møteleiar, protokollførar og to til å signere protokollen
  • styret si årsmelding, rekneskapen for 2018 og budsjett for 2019
  • val
  • vedtektsendring
  • klubben sine brannbilar – vegen vidare, ev. sal
  • ordet fritt

Merk tid og stad. Velkommen!

Dugnadar i Langhaugane hausten 2018

I samband med opprusting av dei nye klubblokala i Langhaugane, har vi sett opp følgjande faste tider for dugnadar utover hausten:

Kvar onsdag frå kl. 17 og annankvar laurdag frå kl. 10.

(Laurdagsdugnadane blir 8. og 22.9, 6. og 20.10, og 3.11.)

Om nokon har høve eller ynskjer å ta eit tak på andre dagar enn dei planlagde er det sjølvsagt ikkje noko problem. Ta då kontakt med Jan Egil Haugland, telefon 951 54 338.

Dugnad er kjekt og godt sosialt samvær! Vel møtt!

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv