OPEN DAG PÅ STEINVIK FISKEFARM VISNINGSSENTER: LAURDAG 4. MAI , klokka 11.00 – 17.00.
Det er den 10. gongen det vert arrangert Open Dag på Steinvik!
 Under Open Dag kan du oppleva fleire ulike aktivitetar som:
– Utstillinga frå oppdrettsnæringa – ver med på quiz på
Visningssenteret.
– Sjå auren i mærane, og berggylte, torsk og sei i eigen tank.
– Fiskekonkurranse for barn – vi har fiskeutstyret. NB! Ta med eigen
redningsvest for dei minste 0-6 år.
– NYTT i år : Båt-turar med raftingbåtar i nærområdet. Gratis for
alle-aldersgrense 13 år, 8-13 år i følgje med foreldre/vaksne.
Utanom dette har vi også meir program :
– Utstilling og besøk av veteranbilar.
– Veteranbåten Atløy kjem.
– Stand/demonstrasjon av livredding på sjøen v/Røde Kors.
– NYTT i år : Redningsselskapet kjem med ELIASBÅTEN, stand og
mykje meir.
– NYTT i år : 4H kjem med smoothie-sykkel.
– Sal av grilla laks, kaffi, kake og drikke v/Steinhovden Grendalag, til
inntekt for Grendahuset i bygda. Rikeleg med sitteplassar ute og
inne.
– Trekking av premiar på inngangsklistermerke og diverse
konkurransar.
– Og kanskje har vi anna spennande program også!
GRATIS INNGANG OG AKTIVITETAR. ALLE VELKOMMEN!

Sjå også : www.steinvik.no og Facebook : Steinvik.

© Sunnfjord Veteranvogn Klubb - Laga av Findriv