Utvandringa til Amerika, 200-års jubileum
Laurdag 6. september vert 200-årsjubileumet for utvandringa til Amerika markert på Førdehuset.
Arrangøren har eit ynskje om ein kortesje av Amerikanske veteranbilar/syklar gjennom Førde sentrum og innom framsida på Førdehuset.
Passeringa framom Førdehuset må skje klokka 17.10 for tilpassing av anna program før og etter dette tidspunktet.
SVK oppmodar derfor alle med Amerikanske veteranbilar/syklar om å stille opp i ein slik kortesje. Oppmøte på Biltema seinast klokka 16.30.
Derifrå køyrer ein gjennom sentrum og framom Førdehuset i sakte fart. Flott om ein kan få dei eldste køyretøya først .