Grindaguten 2025

Årshefte Grindaguten 2025 er under planlegging og vi treng di hjelp til innhald i denne utgåva også 🙂

Har du ei kort eller lang historie du ynskjer å fortelje om , vore på treff, løp, turar åleine / fellesturar eller andre tilstellingar i året som gjekk, så ynskjer vi gjerne at du sender nokre ord og bilder frå dette.

Dette er kjekk lesing for andre medlemmar og kan være til inspirasjon for nye turar med meir for komande sesong. Held du på med restaurering eller anna med ditt køyretøy, så er det og kjekt å lese noko om.

Er det historiar om køyretøy du har eller har hatt, som du ynskjer å formidle, så tek vi gjerne imot dette også.

Frist for å sende artikkel med bilder er 6. februar, men flott om det vert sendt inn i god tid før denne fristen, då det er litt arbeid med å redigere dette inn i bladet.

Artikkeltekstar må skrivast i word dokument og bilder må sendast som eigne vedlegg, og ikkje limt inn i saman med teksten, som ein «ferdig artikkel».

Dette må gjerast slik for å forenkle arbeidet med  setje saman bladet og er tilpassa den programvara som vert nytta til dette.

Send tekst og bilder til: smieposten.svk@gmail.com

Med vennleg helsing
Styret SVK

 

Skroll til toppen