Firdaløpet er SVK sitt årlege løp for veterankøyretøy

Løpet er for køyretøy eldre enn 30 år, eller mellom 21 og 30 år i originalversjon etter vurdering av løpskomitèen. Firdaløpet passar for heile familien, med konkurransar i form av spørsmål, køyreprøver o.l. for både førar og passasjerar. Det er premiering for dei 3 beste i løpet samt vandrepokal. Antrekk og heilskap vert også premiert. Førarar eller køyretøy som har delteke 10 eller 25 gongar får tildelt eigne plakettar. Meld deg på ved å fylle ut skjemaet under. Felt merka med stjerne er obligatoriske.

Betaling av startkontingent kr 300,- til bankkonto 3760.10.18269 eller på vipps til 107593. Hugs å merke betalinga med same namn som påmeldinga. Du kan også betale ved start.

Har du fleire køyretøy som skal delta i løpet? Send èi påmelding pr køyretøy. Har du t.d. 3 køyretøy som skal delta, send inn 3 påmeldingar.

Sjekk at alle påkrevde felt er korrekt utfylt før innsending.

Skroll til toppen