Firdaløp 14 juni 2025 - oppdatert med vinnarar og resultatliste

Fullstendig resultatliste for Firdaløpet 2025 finn du her: Resultatliste Firdaløpet 2025

Fasit post 2 og 4: Oppgåver og fasit post 2 og 4
Post 3: Riktig svar var 47tonn og 19,6m

1 plass: Bård Solberg Våge
2 plass: Sigve Johan Hellenes
3 plass: Merete Solheim

Beste antrekk herre vart vunne av
Oddvar Huseklepp i bil nr.18 – 1969 Opel Rekord Sprint

Beste antrekk dame vart vunne av
Lovisa Masdal Fosse i bil nr. 7 -1959 Ford Fairlane 500 Skyliner 

Beste antrekk barn vart vunne av
Henriette Andersbakke Holme og Mathea Østerbø Fyllingsnes i bil nr. 15 – 1967 Ford Mustang Cab

Beste heilhetsinntrykk vart vunne av
Steinar Masdal, Siri Kjærgård, Nina Masdal, Lovisa Masdal Fosse og Nikolai Masdal Fosse i bil nr. 7 – 1959 Ford Fairlane 500 Skyliner

Sunnfjord Veteranvogn Klubb vil takke alle som deltok i løpet, medhjelparane som gjorde dette mulig og ikkje minst Vårdal Grendalag som gjorde dette til ein super dag!

Velkommen til nytt Firdaløp i 2026. Dato vil bli annonsert så fort dette er bestemt.  

14. juni arrangerer vi Firdaløpet for 47. gong. I år går ruta frå Førde til Vårdal i Holmedal via Sande og Dale.
Oppmøte ved Biltema i Førde frå ca kl.10.00, og starten går kl.11.00

Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.

Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her!  Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 8. juni.

Startkontingent er kr 300,-, og kan betalast til bankkonto 3760.10.18269 eller vipps til 107593, Hugs å merke betalinga med same namn som i påmeldinga. Du kan også betale ved start (Vipps eller kontant, vi har dessverre ikkje kortterminal tilgjengeleg).

 

Skroll til toppen