Firdaløpet 13.juni 2026 – Oppdatert med resultatliste og vinnarar

Fullstendig resultatliste for Firdaløpet 2026 finn du her: Resultatliste Firdaløpet 2026

1 plass: Bjart Roger Kongsvik
2 plass: Rune Alværvik
3 plass: Knut Øyvind Åsen

Bjart Roger Kongsvik
Rune Alværvik
Knut Øyvind Åsen

Beste antrekk herre vart vunne av 
Kjell Ottar Åsen i bil nr.1 – 1926 Oldsmobile

Beste antrekk dame vart vunne av
Elise Brendø Skogheim i bil nr. 60 -1976 Ford Taunus

Beste antrekk barn vart vunne av
Oliver Sæle Håvik på MC nr. 56 – 1982 BMW R100

Beste heilhetsinntrykk vart vunne av
Alex Vassbotten i bil nr. 51 -1933 Alvis Speed

Sunnfjord Veteranvogn Klubb vil takke alle som deltok i løpet, medhjelparane som gjorde dette mulig og ikkje minst gjengen ved Lundegrend Bygdehus. Det vart ein flott dag

Velkommen til nytt Firdaløp i 2027. Dato vil bli annonsert så fort dette er bestemt.

13. juni arrangerer vi Firdaløpet for 48. gong. I år går ruta frå Førde til Lundegrend bygdehus via Bygstad og Sande
Oppmøte ved Biltema i Førde frå ca kl.10.00, og starten går kl.11.00

Vi ønskjer velkommen alle med køyretøy som er 30 år eller eldre, på to, fire eller fleire hjul. Køyretøy mellom 21 og 30 år i originalstand kan også stille etter vurdering. Som vanleg oppmodar vi alle til å stille i antrekk som er tidsriktig til køyretøyet. Det er premiering for beste antrekk og heilheitsinntrykk, i tillegg til løpspremiane.

Meld deg på no ved å fylle ut skjemaet du finn her!  Påmelding kan også gjerast ved oppmøte løpsdagen, men for å komme med i løpsheftet må du førehandspåmelde deg innan 4. juni.

Startkontingent er kr 300,-, og kan betalast til bankkonto 3760.10.18269 eller vipps til 107593, Hugs å merke betalinga med same namn som i påmeldinga. Du kan også betale ved start (Vipps eller kontant, vi har dessverre ikkje kortterminal tilgjengeleg).

Skroll til toppen